Høgskolen i Sør-Trøndelag

Høgskolen i Sør-Trøndelag (HiST) vart etablert 1. august 1994 og har i dag vel 8000 studentar og 700 tilsette. Høgskolen er ein av 25 statlege høgskolar i Noreg og er eit resultat av at åtte statlege høgskolar i Trondheim vart slått saman i samband med Høgskolereformen i 1994.
Dei seks avdelingane ved Høgskolen er:

Trondheim Økonomiske Høgskole vart etablert i 1967 og fekk i 1994, da HiST vart oppretta, navnet «Avdeling for økonomisk administrativ utdanning». I 2004 tok avdelinga tilbake TØH-navnet.

Avdeling for informatikk og e-læring (AITeL) og Avdeling for teknologi (AFT) er etterkomarar av Trondheim ingeniørhøgskole (TIH). TIH er etterkommaren av Trondheim tekniske mellomskole (TTM), som vart etablert i 1912, i bygningane og av lærarane til Trondheim tekniske læreranstalt (TTL) då denne vart lagt ned.

Høgskolen er i dag lokalisert på fleire stader rundt om i Trondheim (Kalvskinnet, Moholt, Rotvoll, Leangen og Tunga), og dei mange studiestadene speglar i stor grad kvar dei tidlegare høgskolene var lokalisert. Høgskolen arbeider for ei mogeleg samling av studiestadene på Kalvskinnet/Øya.

Høgskolen tilbyr fag- og profesjonsstudiar innan helse og sosialfag, informatikk, lærar, næringsmiddelfag, sjukepleie, teknologi og økonomi. Desse kan takast i varierande lengd frå halvårseiningar til bachelorgradar, mastergradar, og ei rekke kurs-, etter- og vidareutdanningar.

Utskrift
Del eller legg til som bokmerke